Kom deg ut-dag - Edition: Fotokonkurranse

Arrangement

Dato
6. september kl. 12:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Komdegut
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Barnas Turlag Stord-Fitjar , Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Sunnhordland (se kart)
Turkode
2020 BT
Dette arrangementet er over!

6. september 2020 er det klart for ein ny Kom deg ut-dag med DNT. Kom deg ut-dagen er Norge sin nasjonale turdag, med arrangement over heile landet.

På Stord vil ikkje Barnas Turlag arrangere Kom deg ut-dag i tradisjonell forstand i Stuavikjo, men me oppmodar alle om å bruka søndagen som eit startskot for fine turar i haustsesongen🍁

Kor turen går, og kor lang eller kort den skal vera, bestemmer dåke heilt sjølv. Kyst 🛶, skog 🌲 eller fjell ⛰. Nærtur eller langtur. Uansett, ha det fint på tur! 🌦
Kle dåke etter vêret, ta med ein god nistepakke og godt humør 😁

Sidan me i år ikkje kan dela denne dagen med kvarandre slik me pleier, ynskjer me å invitera alle til ein FOTOKONKURRANSE! Gjennom dette håpar me at me kan dele turglede og stemninga med kvarandre.

TEMA for konkurransen: "Eg kom meg ut!"

HOVEDPREMIEN er eit Instax Mini 11 kamera, kor bileta vert skrivne rett ut frå kameraet. Gøy! 📸

For å delta i konkurransen deler du bildet ditt på sida til Barnas Turlag Stord/Fitjar i løpet av 6. september.

Del gjerne også bilete med oss på Instagram.

Bruk emneknaggane #stordfitjarturlag #barnasturlagstordfitjar

God tur!

Kom deg ut-dag - Edition: Fotokonkurranse

6. september 2020 er det klart for ein ny Kom deg ut-dag med DNT. Kom deg ut-dagen er Norge sin nasjonale turdag, med arrangement over heile landet. På Stord vil ...

Kontaktinformasjon: