Turistvegen over Folgefonna opna

Emil Gausvik og Anne Kari Enes, styreleiar i Kvinnherad Turlag, heng opp nytt skilt for Turistvegen over Folgefonna
Emil Gausvik og Anne Kari Enes, styreleiar i Kvinnherad Turlag, heng opp nytt skilt for Turistvegen over Folgefonna Foto: Jane Britt Daae

Lørdag 4. juli vart Turistvegen over Folgefonna opna som ei av dei sju historiske vandrerutene i landet.

Turistvegen over Folgefonna - ei historisk vandrerute

Turistvegen over Folgefonna (ca. 25 km) i Hardanger er ein klassisk bretur, fra Sundal i Kvinnherad, over Folgefonna via turisthyttene Breidablikk, Fonnabu og Holmaskjer, og ned til Tokheim ved Odda i Sørfjorden. Den gamle stien frå fjord til fonn vart bygd for å frakte turistar opp på breen og er vorte ein klassiker på Vestlandet.

Natur- og kulturminneopplevingar i særklasse

I over 200 år har dette landskapet med dramatiske og vakre naturelement lokka turistar. Frå Sundal går turen opp ved den smale og frodige Bondhusdalen. Det blågrønne brevatnet sildrar, fossar og mellomlandar i Bondhusvatnet. Oppover i lia slyngar stien seg i 18 svingar til Gardshammarstølen på 745 moh. Ein stølsidyll blant stupbratte, vassfulle fossar og steile, snødekte toppar, gjev inntrykksfulle kontrastar. Den store isbreen tronar landskapet. Oppe på turisthyttene og frå Folgefonna er utsikten uendeleg og solnedgangane er ofte fargerike. Frå Holmaskjer og ned Tokheimslia er den gamle ferdselsvegen rusta opp og T-merka. Delar av stien er svært bratt, og ein lyt stoppe opp for å løfte blikket og ta til seg den makelause utsikta.

Fellestur og fjellfest

Etter den høgtidlege opninga av vandreruta 4. juli held Kvinnherad Turlag fellestur og fjellfest på Fonnabu. Fjellfesta er ein tradisjon for å feire og innleie fottursesongen. Styreleiaren for DNT, Berit Kjøll og representantane frå Riksantikvaren, Åse Bitustøl og Lovise Brunborg-Næss deltok på gildet. I lag med turfølgjet på 28 personar fekk dei ei uforgløymeleg helg. Omgjevnadane og turfølgjet strålte om kapp med sola. Kvinnherad Turlag skal ha ros oppetter øyrene for god turleiing og hyttevertskap. Tusen takk!

Tur på Folgefonna krev kunnskap og utstyr til ferdsel på bre. Breføring kan bestillast hjå Folgefonni Breførarlag, som held tradisjonen vidare med å føre fjellinteresserte (både med og utan brevføring) over Folgefonna.

DNT og Riksantikvaren har samarbeida om å etablere historiske ruter i  Norge. Dette er realisert gjennom ei brei involvering av Kvinnherad Turlag, Odda-Ullensvang Turlag, Bergen og Hordaland Turlag, DNT, Riksantikvaren, Nasjonalparken for Folgefonna, Statens naturoppsyn, kommunane og grunneigarar. 

Annonse