Turlaget satser på kystfriluftsliv

Gjennom Turlagets nye kystfriluftslivsatsing får kysten et enda større fokus i tiden som kommer.
Gjennom Turlagets nye kystfriluftslivsatsing får kysten et enda større fokus i tiden som kommer. Foto: André Marton Pedersen

No skal me satse enda meir på kystfriluftslivet.

Du forbinder kanskje Turlaget med aktivitetar, hytter og vandringar i fjellet. Det vonar eg i alle fall at du gjer. Me kan fjell, og det skal me halda fram med å satse på. Men me ynskjer å ha eit godt tilbod der folk bur. Og svært mange av våre medlemmer bur ved kysten. Det finst eit lokallag knytt til kvar einaste av våre øykommunar, og alle våre lokallag har ei kyststripe.

Medlemmene våre padlar og ror. Nokre av turlaga har laga flotte padlebøker og har naust med kajakkar og kanoar for utlån. DNT Ung leikar seg med coasteering og har hav-camp. Det vert merka ruter som tek deg ut til spektakulære bylgjeshow. Me rydder strender. Barnas Turlag sutlar og badar og fangar krabbe. Det boblar av turlags-liv i fjæra.

No skal me satse enda meir på kystfriluftslivet. Den Norske Turistforening arbeider med ein Handlingsplan for kyst, og me vil etablere ei eiga kystfriluftslivsgruppe her hjå oss i Turlaget. Skulle me hatt ein kystled frå sør til nord? Kunne me gjort meir ut av Nordsjøløypa? Kvar er dei beste padlerutene? Kvar skal me ta ansvar for merking av kyststiar? Turlaget er god på ruter og infrastruktur og vil bruke denne kunnskapen langs kysten også.

Me vil også å bidra til å utvikle dugande friluftsarenaer som kan være gode møteplassar for dei som skal skape aktiviteter ved sjøen. Arenar som egner seg for kurs, utlån av utstyr og fellesturar. Det kan vera naust, ein gapahuk, eit friluftsområde. Kvar kommune vil få ei dagsturhytte, nokre av dei kjem nær sjø. Nokre friluftsarenaer ynskjer me kanskje å utvikle sjølve, men me vil også samarbeide med friluftsrådet og andre som har anlegg ved kysten.

Og så er det denne draumen som me ber på. Me ynskjer oss ei hytte langs kysten. Ein stad der det går an å leike i fjæra. Der ungane kan lære seg å sløye fisk og fange krabbe. Med plass til kajakkar og nokre robåtar. Hytta skal gjera kystfriluftslivet tilgjengeleg for fleire, og vil vera ein stad der me kan skape aktivitet og formidle kunnskap. Me jobbar målretta for å kunne skape eit slikt tilbod til deg.

Tekst: Elisabeth Skage, styreleder i Bergen og Hordaland Turlag

Annonse