Befaring av Alexander Grieghytten

Frå venstre: Johnny Bjørge (BHT), Øystein Nesse (LARS Hordaland), Sigrid Kvåle Myksvoll (BHT) og Bjørn Greve (FFO Bergen)
Frå venstre: Johnny Bjørge (BHT), Øystein Nesse (LARS Hordaland), Sigrid Kvåle Myksvoll (BHT) og Bjørn Greve (FFO Bergen) Foto: Kristoffer Solfjell-Solø, FFO Bergen

Onsdag 30. september blei det saman med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Bergen og Landsforeningen for ryggmargsskadde (LARS) Hordaland gjennomført befaring til Alexander Grieghytten i Bergsdalen.  

Alexander Grieghytten er totalrenovert, og i prosessen har universell utforming vore viktig. Det var derfor veldig kjekt å invitere representantar frå FFO Bergen og LARS Hordaland til å vurdere hytta. Dei såg blant anna på dørtersklar, bredde på dørkarmane, størrelse på soverom, handicap-toalettet, badstua og heisen. Vi er glade for å kunne melde at Alexander Grieghytten blir vurdert som ei tilgjengeleg hytte for personar med funksjonshemming, og at eit godt arbeid i forbindelse med renoveringa er gjort. 

Vi takkar Bjørn Greve (leiar i FFO Bergen), Kristoffer Solfjell-Solø (styremedlem i FFO Bergen) og Øystein Nesse (leder i LARS, Hordaland) for at dei hadde moglegheit til å bli med på befaring og gje oss viktige tilbakemeldingar. Vi ser fram til vidare dialog og samarbeid.

FFO er Norges største paraplyorganisasjon for organisasjoner for kronisk syke, funksjonshemmede og deres pårørende. De har 84 medlemsorganisasjoner med til sammen over 350 000 medlemmer. FFO Bergen er et lokallag under FFO Vestland.

Om hytta

Hytta ligg flott til i Bergsdalen, med moglegheiter for å køyre heilt fram til hytta. Den har 34 sengeplasser, kor fleire av romma er tilrettelagt for å kunne benytte rullestol. Hytta har innlagt vatn og straum, og har ein stor terrasse med grill og sitteplassar. Les meir om Alexander Grieghytten på ut.no. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål.