Vinnarar av TiTur20 er kåra

Her er dei heldige vinnarane av Titur 2020-konkurransen.
Premiering: Fotokonkurranse
Godt over 300 bilete har blitt delt på instagram med emneknaggen #titur20. Kvart år kårar vi nemleg årets bilete, og i år stakk Ingrid Haugrønning av med seieren med eit flott bilete av far og datter på tur! Vi gratulerer Ingrid med gåvekort i Tursenteret, og ikkje minst at bildet vil pryde neste års utgave av TiTur.

Premiering: Trekning
Alle som har besøkt dei ti turmåla har mottatt ein flott TiTur-brettekopp i premie. I tillegg har alle vore med i trekninga om 3 gåvekort på kr 1500,- i Tursenteret. Følgande personar blei heldige vinnarar i trekninga:
- Mogens Sivertsen
- Charles Olsen
- Lise Helen Pedersen
Premiering: Flest innsjekk i appen "DNT Sjekk UT"
Mange har også gått veldig mange fleire turar enn dei 10. Den som har flest innsjekk på turmåla i løpet av året blir også premiert! Vi gratulerer superspreke John-Helge Wergedahl med heile 252 innsjekkingar!
HOVEDPREMIEN er alle flotte turopplevingar folk har fått på vegen!
Det er gledeleg å sjå at folk i alle aldre blir inspirert av Titur, fra barn, barnefamiliar og vaksne, til spreke seniorar i 80-åra. DNT Nærmiljø Bergen med sitt eige utvalg står bak dette konseptet. Med sin flotte frivillige innsats legg dei til rette for mange gode naturopplevingar; Barbro Sundal, Turi Gjengedal, Kari Litleskare og Lars Pesch.
Vi takkar for engasjementet og ønskjer deg hjarteleg velkomen til å bli med igjen! Planlegginga av neste års utgåve er i full gong, og lanserast 20. mars 2021.
Takk til Bergen kommune for økonomisk støtte til gjennomføringa.