Vinnarar av TiTur21 er kåra

Vinnerbilde TiTur21
Vinnerbilde TiTur21 Foto: Aina Juliet Evans

Her er dei heldige vinnarane av årets utgåve av TiTur Bergen

Premiering: Fotokonkurranse

Nesten 250 bilete har blitt delt på instagram med emneknaggen #titur21. Kvart år kårar vi nemleg årets bilete, og i år stakk Aina Juliet Evans av med seieren med det flotte bilete over! Vi gratulerer Aina med gåvekort i Tursenteret, og ikkje minst at bilete vil pryde neste års utgave av TiTur.

Aina tok med ungane sine Jacob og Robin på alle dei ti turane i årets Titur-utgave! Bli inspirert og delta neste år du også!

Foto: Aina Juliet Evans
Foto: Aina Juliet Evans
Foto: Aina Juliet Evans

Premiering: Trekning

Alle som har besøkt dei ti turmåla har mottatt ein flott TiTur-brettekopp i premie. I tillegg har alle vore med i trekninga om 3 gåvekort på kr 1500,- i Tursenteret. Følgande personar blei heldige vinnarar i trekninga:

- Vibecke Eikås

- Linda Hjelme

- Britt W. Aavik Howlett

HOVEDPREMIEN er alle flotte turopplevingar folk har fått på vegen!

Det er gledeleg å sjå at folk i alle aldre blir inspirert av Titur, fra barnefamiliar og vaksne, til spreke seniorar i 80-åra. Med sin gode innsats legg følgande frivillige krefter til rette for mange fine naturopplevingar; Barbro Sundal, Dan Jørgen Sørheim, Kari Litleskare og Jørund Raukleiv Strømsøe. 

Vi takkar for engasjementet og ønskjer deg hjarteleg velkomen til å bli med igjen! Planlegginga av neste års utgåve er i full gong, og lanserast 20. mars 2022. ​​​​​​​

Takk til Bergen kommune for støtte til vårt folkehelsearbeid.