Omsyn til villrein stenger hytter og stopper kvisting

Skitur fra Hadlaskard til Stavali, Hardangervidda vest.
Skitur fra Hadlaskard til Stavali, Hardangervidda vest. Foto: Andre Marton Pedersen, André Marton Pedersen

Fare for smitte av skrantesyke fører til stengde hytter og redusert kvisting på Hardangervidda.

Må ta hensyn til villreinen

Miljødirektoratet har førespurd DNT om å bidra til å redusere ferdselen i eit område nordvest på Hardangervidda. På bakgrunn av dette har Bergen og Hordaland Turlag og DNT Oslo og Omegn avgjort å ikkje kviste enkelte løyper, samt stenge visse hytter ut april. 
Miljødirektoratet har grunngjeve sin anmodning med at store deler av villreinstammen no går nordvest på Hardangervidda. Her er det for tida det gode beiteforhold og villreinen har tatt i bruk eit større område enn vanleg dei siste åra på vinterstid. Miljødirektoratet ynskjer å leggje til rette for at villreinen kan bli i området nordvest på vidda utover vinteren. Dette er særskild viktig i samband med arbeidet for å motverke spreiing av skrantesjuke, i tillegg til å unngå ytterlegare beitepress og smittepress i områda ved Kvenna der dei brukar å stå. 

Generelt meiner vi at innskrenking av allmenn ferdsel må vere grunngjeve ut frå eit godt kunnskapsgrunnlag. Det meiner vi at det er her, og vi har derfor strekt oss langt for å imøtekoma Miljødirektoratet sine ynskjer og for å bidra til å betre situasjonen for villreinstammen på Hardangervidda, seier daglig leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland Turlag.

Ho får støtte fra DNT Oslo og Omegn.

– Vi ønsker å tilrettelegge for et friluftsliv som tar hensyn til villreinen, og vi har forståelse for at det er viktig å gjennomføre enkelte hastetiltak som følgje av den alvorlige situasjonen med skrantesyke, sier Henning Wikborg i DNT Oslo og Omegn.

Hytter som vert stengt umiddelbart

- Hadlaskard 

- Torehytta

Hytter som vert stengt frå 5. april

- Stavali

- Sandhaug (selvbetjening)

- Litlos (selvbetjening)

Ruter som ikkje vert kvista

Garen – Hadlaskard (via Vivelid)

Vivelid – Stavali

Hadlaskard – Stavali

Torehytta – Stavali

Hadlaskard – Torehytta

Tyssevassbu – Torehytta

Litlos – Torehytta

Litlos – Hadlaskard

Sandhaug – Hadlaskard

Ski og telt: for å krysse Vidda på langs i kvistede ruter frå E134 til Rv7, er det mogleg gå Haukeli-Hellevassbu-Litlos-Sandhaug-Dyranut

Tekst: Siren Skråmestø Juliussen

Annonse