Ynskjer di verksemd å vere hytteven til Stavali turisthytte?

Stavali turisthytte på Hardangervidda vest skal i sommar få seg ein oppgradering.
Stavali turisthytte på Hardangervidda vest skal i sommar få seg ein oppgradering. Foto: André Marton Pedersen

Me søkjer støttespelarar i samband med rehabilitering av Stavali turisthytte og innkjøp av nytt miljøvennleg energianlegg.

Som hytteven støttar verksemder eller privatpersonar med kr. 25 000 til prosjektet. Alle som vert hytteven vert mellom anna invitert på opningsfesten og vert oppført på ei takketavle på hytta, og i tillegg vil ein ha gleda av å støtte!

Miljøvenleg energianlegg

Me ynskjer å gjere eit større løft for energianlegget på Stavali. I dag er det berre lys som vert forsynt frå solcelleanlegg, og forbruksstraum til kjøkken og anna drift vert levert frå eit dieselaggregat. No vil me fornye energiforsyninga med nye solcellepanel, ny batteribank, nytt aggregat og nytt styresystem. Styresystemet vil starte aggregatet automatisk når det trengs. Dette vil minke dieselbruken vesentleg og dermed redusere driftskostnader og påverknad på ytre miljø.

Behov for rehabilitering

Hytta ligg på 1024 moh., der det er røft klima og stor slitasje på alle utvendige flater. Trongen for vedlikehald er stor, og det er no på tide å skifte ut tak, vindauge og kledning. Det er ikkje planlagt endring av fasadane, men utskifting og oppgradering for å bevare Stavali turisthytte slik den er i dag. I tillegg er det trong for å oppgradere enkelte rom i hovudhytta. Det er særleg tørke- og vaskerom som er treng eit løft for mellomanna auka tryggleik og kapasitet.

Prosjektplan

Arbeidet er planlagt gjennomført i sommarsesongen 2021. Oppstartstidpunkt er avhengig av når snøen forsvinner og det er mogeleg å setje opp stillas utandørs. Alt utvendig arbeid må være avslutta før hausten og vinteren set inn, gjerne alt i oktober. 

Budsjett Prosjektet har ei budsjettrame på kr. 3 090 000.

Me treng støttepartnarar

Me håpar lokale verksemder vil støtte dette prosjektet på Stavali. Difor har me laga ei ordning som me kallar «hytteven», der lokale verksemder og privatpersonar kan støtte med kr. 25 000 til prosjektet.

Alle som vert hytteven vil få:

• Invitasjon til opningsfesten hausten 2021

• Namnet til gjevar/verksemd på takketavle på hytta

• Namnet til gjevar/verksemd omtalt i nettsak knytt til opninga

• Mulighet til å få overnattingar/bruke hytta etter nærmere avtale.

Ta kontakt med daglig leiar Helene Ødven om dette er av interesse, helene.odven@dnt.no, tlf: 982 49 808.

Søtefossen på vei fra Husedalen til Stavali.
Søtefossen på vei fra Husedalen til Stavali. Foto: André Marton Pedersen

Litt om Stavali

Turisthytta er eit populært turmål, både for lokalfolk og tilreisande. Stien opp Husedalen er en av de mest brukte stiane i Noreg, kjend for sine spektakulære fossefall, og tiltrekker seg turistar frå heile verden. Stavali ligg 1024 moh. og er en sjølvbetent hytte med 62 senger. I høgsesongen er hytta delvis betent med sal av stølsmat, brød og bollar. Det er svært godt fiske i området. Hytta ligg i Hardangervidda nasjonalpark med variert flora og ein spanande fauna. Plassen var opphavleg støl under prestegarden på Lofthus. Dei gamle stølshusa på Stavali var omfattande restaurert på 1990-tallet, som gjer at me i dag har eit unikt stølsmiljø på Stavali. Det er mogleg å overnatte i stølshusa.

Området

Stavali ligg sentralt plassert i det T-merka rutenettet vest på Hardangervidda med ruter til Kinsarvik, Lofthus, Torehytten (ved Hårteigen), Hadlaskard, Hedlo, Vivelid og Hjølmo. Med mange opplevingar i området er Stavali godt eigna for overnatting i fleire døgn. Dei siste åra har det vore i overkant av 2000 overnattingar per år på Stavali.

Historia – lange tradisjonar

I åra mellom 1937 og 1940 bygde Bergens Turistforening, i samarbeid med Kjenn Ditt Land, tre turisthytter i fjellet: Skjerjevass i Modalen, Høgabu i Vaksdal og Stavali i Ullensvang. Stavali var den største og dyraste. For første gong tok Turlaget i bruk sjøfly for å byggje hytte. Det landa på Grøndalsvatnet nedom hytta, og her i frå vart det nytta ei lita taubane opp til tomten. Stavali vart bygd for å knytte Vestvidda til resten av Hardangervidda. Stølsområdet vart peikt ut som ei passande plassering, og etter ein del om og men kom byggjearbeidet i gong. Hytten vog 60 tonn. Sjøflyet som frakta inn material, gjorde 215 turar frå Kinsarvik til Grøndalsvatnet. Hytten er teikna av arkitekt Frederik Konow-Lund. Byggmeister var Lars Kjerland. Han og søskenbarnet Olav S. Kjerland hadde begge nystarta byggmeisterfirma, og var busette i Granvin. Hytta var klar til bruk i 1940. Til tross for at krigen skapte restriksjonar for ferdselen på Vidda, gjekk drifta av hytta raskt med overskot. I 1941 hadde den 300 overnattingar, og det vart rekna som svært bra.

Sidan har Stavali, som tilsvarande hytteanlegg, hatt sine opp- og nedgangstider. I lange periodar var hytten betent, men frå 1970-taletvart den sjølvbetent. I 1989 vart den pusset grundig opp og det kom hyttevakt i sesongen. Margit Hauge frå Kinsarvik var der i 16 år, og var pådrivar for å få restaurert stølane og få kyr på båsen. Stølane var ferdig restaurert i 1997, som var andre året med ny stølsdrift på Stavali. Odd Arne Espeland frå Jondal dreiv stølen vidare til 2012, då han vart pensjonist. Stølslivet på Stavali har hatt stor betydning for staden. Kulturen og kulturlandskapet vart heldt i hevd, og gjestene har trivest med bølingen i området. I 2013 kom det nytt vertskap på Stavali, frå familien til Margit Hauge. Torill Opedal Hauge og Kjetil Hauge er eit engasjert hyttevertskap med sterk tilknyting til staden. Det vert ikkje drive støling no. Stavali har et årleg besøk på omlag 2000 gjester.

Ta kontakt med daglig leiar Helene Ødven om dette er av interesse, helene.odven@dnt.no, tlf: 982 49 808.

Annonse