TiTurBergen over for i år

Håvard Johansen stakk av med seiaren i instagramkonkurransen til TiturBergen.
Håvard Johansen stakk av med seiaren i instagramkonkurransen til TiturBergen. Foto: Håvard Johansen
Så var turutfordringa Titur over for i år! 2015 har vore det fyrste året med Titur her i Bergen, og det har vore ein spanande prosess. Heile 220 personar har gått 10 turar kvar.

Ei gruppe flinke og engasjerte turleiarar i Byfjellstrimmen peikte ut ti fine turmål, og ein del av poenget var å oppfordre til turgåing også på dei litt mindre kjente fjella her i kommunen. Utfordringa starta like etter den kjente 7-fjellsturen – frå 10.juni kunne både to- og firbeinte få bryne seg på ti spanande turmål. På ut.no har det ligge turforslag til både lette og middels krevande turar, slik at deltakarane kunne velje å bruke desse turane ved ønskje. Det har i tillegg vore kontrollspørsmål på alle toppane, som måtte fyllast ut på turkortet for å få godkjent turane.

Alle sammen ble unnagjort før 1. juli. Kjempegøy utfordring, samt gøy å gå andre steder enn vi gjør til vanlig. Linn-Merethe Austevoll, deltakar

I løpet av månadane konkurransen har pågått har 220 personar komme innom å henta titurkopp. Lars Thomas Sønningdal i titurutvalget beskreiv det godt : ”220 personar har gått 10 turar kvar – det betyr faktisk 2200 turar det!” Og så må vi også rekne med dei som har gått kanskje 2, 4 eller 7 av dei utvalte turane.

Onsdag 18. oktober trakk utvalet ut tre heldige vinnarar av bunken som hadde kome inn, og dei heldige vinnarane av flotte ytterjakker frå Bergans blei Elin Vold Ågren, Markus Milde Samdal og Dominique Durand.

Bergen og Hordaland Turlag gratulerer så mykje og satsar på at desse jakkene blir flittig brukt gjennom neste års titurutfordring.

220 personar har gått 10 turar kvar – det betyr faktisk 2200 turar det! Lars Thomas Sønningdal, medlem i Titurutvalet

Turmåla blei lagt til både vest, aust, nord, sør og sentralt i Bergen kommune, og dette er særs godt dokumentert gjennom over 500 (!) bilder på instagram ved hashtaggen #titurbergen. Vi anbefalar alle å logge inn på instagram for å ta ein kikk på bildene, og få både motivasjon og insiprasjon for Titur16!

Vinnaren av ”årets bilde” på instagram blei Håvard Johansen med sitt energiske bilde av Jon Magne Svendsbøe på Ulskebjørnen. Frå Ulskebjørnen har ein nydeleg utsikt over Jordalen, kor Stallane Gård, det eine turmålet ligg. Bildet hadde fin komposisjon med fart i og mykje glede. Johansen blei premiert med gavekort som han kan bruke i den flotte Turbutikken vår. 

PS. Nysgjerrig på fasiten? Sjå her

Det fins også fleire lignande opplegg rundt omkring i Hordaland, ta ein kikk på dei her.

Utval og administrasjon takkar for engasjementet og ønskjer deg velkomen til å bli med på Titur16!

Annonse