Byen for alle-prisen til Turlaget

Kommunalt råd for personer med funksjonsnedsettelse i Bergen kommune deler kvart år ut denne prisen.
Prisen går til ein person, arbeidsplass eller organisasjon som har gjort ein innsats for å gjere Bergen til ein meir universelt utforma by. Prisen for 2021 blei tildelt Turlaget for arbeidet med gruppa "Klart det går Bergen".
Tirsdag 31. mai tok frivillig i Klart det går, Marit Heitkøtter Lien, og prosjektleiar for Klart det går, Sigrid Kvåle Myksvoll, imot prisen i rådet sitt møtelokale i Kaigaten. Det blei tid til tale, spørsmål om tilbodet blei besvart, ønskjer og tankar om prosjektet vidare blei tatt imot, og ikkje minst blei det feiring med deilig sjokoladekake.
Tusen takk til rådet for prisen; det er stor stas og motiverar til vidare innsats!
"Klart det går" har fokus på å tilretteleggje turar og aktivitetar for personar med fysiske funksjonsnedsettingar.

Øverste bildet:
Frå venstre: Leiar av rådet, Harald Berge Breistein
I midten: Frivillig i Klart det går, Marit Heitkøtter Lien
Til høgre: Prosjektleiar for Klart det går, Sigrid Kvåle Myksvoll