Turtips: Hodnaberg – Kiellandbu

Kiellandbu.
Kiellandbu. Foto: Nicolas J. I. Rodriguez

Turen startar ved Hodnaberg kraftverk. Vi har all verdens tid. Det er ikkje noko jag, eller om å gjere og vera først. Vi skundar oss sakte. Vi er her for å oppleve landskapet og naturen. Borna legg alltid merke til dei tinga dei vaksne ikkje ser ved første blikk. Dagane er framleis lyse, haustkvelden fangar oss ikkje i mørkret, men ei lommelykt er alltid godt å ha i sekken likevel.

Rute: Hodnaberg – Kiellandbu (bua har ikkje proviant)

Sengeplassar Kiellandbu: 5

Kart: Nordeca Voss – Bergsdalen 1:50 000. Har du behov for kart er det råd å kjøpe i Tursenteret vårt. Tursenteret kan også bidra med turråd og -tips for dette området. 

Stigning: 600-913 moh.

Lengde éin veg: 7 km

Turtid: Om lag 2,5 timar éin veg (vaksen i middels tempo). Rekn med ekstra tid om ein går med barn. Me brukte om lag 3,5-4 timar éin veg, og tok oss god tid til pausar og opplevingar undervegs.

Gradering vandring: Middels 

Parkering: Hodnaberg kraftstasjon

For vaksne i god form kan turen gjerast som ein dagstur tur / retur i godt vêr. Turen frå Hodnaberg – Kiellandbu er ein fin tur saman med fjellvante born, men kan nok verta i meste laget som ein dagstur tur / retur. Med fjellvante barn i turfølgjet er dette ein kjekk overnattingstur, men ta med telt i tilfelle det ikkje er plass på Kiellandbu (kun 5 sengeplassar). I testpanelet har vi med to fjellvante barn på 6 og 8 år. Turen har vi planlagt som ein overnattingstur. – Turen passar for barn, seier borna. Pass godt på barna der stien går nært elva Møyåni. 

Har ein med seg born, så set av god tid, sjekk vêrmeldinga og start tidleg. Målet er å ha det kjekt på tur. På vegen er det mange flotte plassar kor ein kan slå seg ned i lyngen og nyte mat, vitsar, godis, vêr, vind og fjell. Om ein ikkje når fram til Kiellandbu denne gongen, så gjer ein det gjerne neste gong. 

Sommarrute: Turen startar ved Hodnaberg kraftverk, og følgjer i starten ein skogsbilveg. Eit stykke opp langs bakken er det godt merka kor ein skal ta av til T-merka sti. Du følgjer elva Møyåni. Det meste av vassføringa i elva kjem frå kraftoverføringa frå Songrøvatnet. Når du følgjer T-merka sti langs Møyåni vil du koma til Nedre Kvålsdalstjørna. Når ein kjem til Nedre Kvålsdalstjørna tek ein av mot Hardingaskaret. Vegen går no vidare over hengebrua til den andre sida av Nedre Kvålsdalstjørna. I sør-enden av Nedre Kvålsdalstjørna er vassføringstunnelen med utløp frå Songrøvatnet godt synleg. Gå vidare sørover langs T-merka sommarrute gjennom Hardingaskaret, og vidare mot Kiellandbu.

Kva kan ein sjå og oppleve? Kiellandbu ligg på Løkjesdalsnuten, og er det nokolunde klarvêr ventar ein svært vakker utsikt. Frå Kiellandbu ser du ned til Botnen og inn i det smale Fyksesundet som fører til Hardangerfjorden. Kvilande på fjella bak Hardangerfjorden ligg Folgefonna som eit størkna ishav. FNs klimapanel nytta Folgefonna som illustrasjon på brear som klimabarometer i den femte hovudrapporten i 2013.

Området har også hatt ei viktig rolle i utviklinga av friluftslivturismen på slutten av 1800-talet. Hans Henrik Reusch var født i Bergen i 1852. Han utdanna seg til geolog. Han var også opptatt av friluftslivet, og opptatt av å oppleve og oppdage naturen. I 1881 lukkast han å finna fossilar i bergartar i Os. Året etterpå skreiv han ei bok om funna sine: «Silurfossiler og pressede Konglomerater i Bergensskifrene». Reusch tok turen frå Hodnaberg til Løkjesdalsnuten ein dag i 1888. Reiseskildringa «En storartet udsigt» vart trykt i DNT si årbok 1889, og her skreiv han om utsikten frå Løkjesdalsnuten: «Der er ingen tvivl om, at den her omhandlede udsigt, når den bliver mer kjendt, vil trække reisende til den hidtil forholdsvis lidet befærdede rute, der fører over Hamlegrøen mellom Voss og Hardanger. Om nogle år kan man kanske få se en hytte her ; ikke få blandt de tusender av turister, der færdes på Voss, vilde vistnok gjerne, om en sådan fandtes, gjøre en tur hertil; de kan enten vende tilbage til Voss eller fortsætte turen til Hardanger».  

Frå Kiellandbu har ein også fleire moglegheiter til å gå vidare i det T-merka rutenettverket i Vossefjella, Hamlagrøområdet, Kvammafjella og Bergsdalen.

Annonse

Skrevet av Nicolas Rodriguez 2. august 2017