Turtips: Rasdalen Holeberg

Øvre Rasdalen og Rasdalsvatnet.
Øvre Rasdalen og Rasdalsvatnet. Foto: Nicolas Rodriguez

Ein perfekt turdag. Vinden rufsar i håret på veg gjennom Osskardet. Kjenn på elementa. I horisonten trekkjer skyene seg saman, og får eit morskt blikk. Vibotnen og den bratte lia har vi lagt bak oss.

«Så opnar viddelandskapet seg opp, grøne heier og regnet set inn. Sola skin alltid på TV, Face, Insta og Snap heiter det, men ikkje her. Her på viddene er det inga dekning, berre stille, ro og lyden av regndropar. Gløym for all del ikkje songen til heiloen, som flyg over våtmarkene med urolege vengeslag og glimt i auga. Ingen (h)elg i solnedgang, men likevel vakkert. Vestlandet slik vi kjenner det. Regn og periodar med opphald utover dagen».

Rute: Rasdalen – Holeberg 

Kart: Nordeca Voss – Bergsdalen 1:50 000. Har du behov for kart er det råd å kjøpe i Tursenteret vårt. Tursenteret kan også bidra med turråd og -tips for dette området. 

Stigning: 366 900 - 628 moh.

Turlengde: 14 km (legg til 5 km om ein har tenkt å gå frå togstasjonen på Bolstad til Rasdalen).

Turtid: ca. 7-8 timar (legg til om lag 1,5-2 timar om du har tenkt å gå frå togstasjonen på Bolstad til Rasdalen).

Gradering vandring: «Krevende»

Turskildring: Når ein køyrer E16 Bergen – Voss tek ein av ved Bolstad og køyrer langs Bolstadstrandi. Ta av på Rasdalsvegen mot sør som i starten går i bru over E16. Vegen er bratt, smal og med krappe svingar. Når ein nærmar seg toppen, etter 5 km, vil ein sjå Rasdalsfossen (opphaveleg «Hradall», som betyr «den raske») som stuper ned i djupet av eit gjel. Det er denne fossen som har gjeve namn til dalføret.

Turen startar ved ein liten parkeringsplass ved grinda i Øvre Rasdalen. I starten går ein ei kort stund på skogsbilveg før vegen endar og vert til ein fin skogs- og fjellsti. Første del av turen går i eit flott stølslandskap, langs løetufter og gamle bruk. Bjørkeskogen, nokre skjelvande osper og granplantefelt, er kulissene våre. Turstien følgjer langs Rasdalselva med flotte badekulpar og små, vakre fossefall. Her gjekk dei gamle ferdselsvegane. Lenge før asfaltlagte europa- og riksvegar, lenge før suset av bilar. Her går vegar som var sambandet mellom gard og bygd, her fòr bønder, jaktfolk og andre i ulike ærend frå fjell til fjord.  

Ved stølen Vibotnen krysser ein Rasdalselva. Etterkvart fører stien vidare opp ei bratt li mot Osskardet. På toppen av skaret har ein flott utsikt over dalføret, og i det fjerne ser ein fjella ved Bolstadfjorden og mot vest Dystingen. Det går fleire stiar frå Rasdalen og over til ulike stader i Bergsdalen, men desse er ikkje merka. T-merka rute følgjer stien til Holeberg (Hamlagrø). Når ein har gått gjennom Osskardet og Rasdalskardet opnar landskapet seg opp. Ein vandrar over ei høgfjellsvidde langs flotte våtmarkssystem på Løkene.

Fjellområdet kring Løkene ligg i eit inngrepsfritt naturområde. Høgfjellsmyrene og våtmarkssystema er viktige naturtypar, og har ein viktig funksjon som karbonlager. Heiloen er ein vadefugl som har hekkeplass her. Overvåkningsdata for perioden 2002-2012 tyder på at talet på fleire fugleartar i fjellet går attende. Heiloen er blant fugleartane i fjellet som ikkje minkar på tal førebels.     

På Løkene møter T-merka rute frå Evanger stien Rasdalen – Holeberg. Frå dette punktet er det om lag 7 km ned til Evanger, men i dag skal vi vidare til Holeberg. Mykkeltveitveten, Løva og Hamlagrøhornet ruvar over heiene. Frå Hardfjellvatnet følgjer ein T-merka rute sørover mot Lonaselet, Viergjelet og ned til Holeberg. Dersom ein vil overnatte undervegs er det fint å ha telt med seg. Sjå for deg ei skyfri natt, stjernehimmelen og måneskinet over desse grøne fjellheiene.

Heilo.
Heilo. Foto: Nicolas Rodriguez

Annonse

Skrevet av Nicolas Rodriguez 8. august 2017