Utforsk nærmiljøet - besøk TubaKuba

Trehytta "TubaKuba"
Trehytta "TubaKuba" Foto: Sigrid Kvåle Myksvoll

Har du lyst til å ta med ungane på ein spennande overnatting i nærmiljøet? Besøk TubaKuba på Fløyen - ei fantastisk lita hytta på 14 kvadrameter, med flott utsikt over byen.

TubaKuba er eit godt alternativ til å sove i telt, du kjem veldig tett på naturen med stort vindu frå golv til tak, men har det likevel tørt og varmt innandørs. TubaKuba har ein god vedovn og overnattingsplass til 2 voksne og 2-3 barn. Du må sjølv medbringe liggeunderlag, sovepose, ved og alt praktisk utstyr for matlaging. 

Tilbodet er gratis og øremerka barn og barnefamiliar. Det er ikkje langt til dei flotte leikemuligheitene på Fløyen, som kan benyttast før det er tid for eit godt måltid for etterpå å krype inn i soveposen. Tilgang på toalett og tannpuss har de ved Radiostasjonen Barnehage.

Hytta må bookast. Dette gjerast ved å gå inn på Bergen kommune si nettside "AktivBy". Du må beregne stor pågang, då det er høg interesse for å ta med ungane på dette eventyret.

Inngangen er forma som ein tunnel med inngang som tubaformet trakt. Derfor har prosjektet naturligvis fått namnet "TubaKuba": Ein tuba inni ein kube. Det er arkitektstudentar frå Bergen Arkitekthøgskule (BAS) i samarbeid med Bergen kommune, med støtte også frå Rieberfondene som står bak prosjektet.

Les meir på Bergen kommune si nettside: https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/sistenytt/article-147802 ​​​​​​​