Dyrkolbotn - Skavlabu - Mo

Flott haustfargar mellom Dyrkolbotn og Skavlabu
Flott haustfargar mellom Dyrkolbotn og Skavlabu Foto: Sigrid Kvåle Myksvoll

Hausten er flott! Klar og frisk luft, speilblanke vatn og ein vegetasjon med nydelege haustfargar. Ta turen! 

Strekninga frå Dyrkolbotn til Skavlabu er ganske lang, så sett av dagen til denne turen. Beregn ca. 7-8t + pause. Ruta er godt merka, med T-merka steinar og mykje godt arbeid med varding. Turen har jevn stigning, med nokre kneiker på vegen. Sidan turen er lang blir den mindre brukt enn mange andre trasear, og ein får verkeleg kjenne på følelsen av urørt natur, særleg fyrste kilometerane opp frå Dyrkolbotn. Og stillhet, med unntak av sildrande bekkar og di eiga pust. Turen frå Skavlabu ned til Mo byr på nydeleg utsikt mot fjorden, frå høgfjell og ned i skogsterreng. Bratt tur med mange høgdemeter, så denne turen kan ein fort kjenne i beina enten om ein går opp eller ned. Utsikten frå Storfjellet 557 moh gjer det vel verdt det. Ta turen! 

Sjekk ruta her: Skavlabu-Mo: Tid: 3-4 timer

PS. Tidsbruk vil variere avhengig av om du går Skavlabu-Mo eller Mo-Skavlabu. Mange høydemeter fra fjord til fjell. Les på "Dag 1".


SKAVLABU
- er ein av dei 25 hytteanlegga til Bergen og Hordaland Turlag. Hytta ligg flott til ved eit lite vatn, høgt over Modalsfjellene. Hytta er sjølvbetjent, står ulåst heile året og har sengeplasser til 22 personar. Hytta kan nåast frå fleire ulike utgangspunkt, også frå Svartavatnet som passer godt om du har med barn eller vil gå ein kort tur. Les meir om hytta her

KOLLEKTIV TRANSPORT
Det er lett å planlegge turen med kollektiv transport. Ta buss frå Bergen busstasjon direkte til Dyrkolbotn langs E39. Du kan be busssjåføren sleppe deg av på stoppet etter (rett etter Nipetunnelen), i Olsbotnen, så startar du umiddelbart på T-merka sti.

Frå Mo går det også buss, sjekk skyss.no for konkrete tider tur/retur.

PS! Sjekk vær- og føremelding for området du skal i, då vi no er inne i ei tid kor det er kort tid mellom klare flotte haustdagar og kalde, våte haustdagar. Snøen kan også plutseleg kome. Vær forberedt og tilpass turen etter dette, slik at du sikrar deg ein flott oppleving. Kom gjerne innom Tursenteret vårt i Marken (Tverrgaten 4-6) og vi vil gje deg oppdatert føremelding og gje deg tips til flotte turar. Sjekk føremeldingar her.

SJÅ BILDEKAVALKADE UNDER