Fire fine fjellturar ved fjorden

Søtekollen ved Sognefjorden.
Søtekollen ved Sognefjorden. Foto: Liv-Anne Aanesen

Fire turtips langs Sognefjorden.

Langs heile Sognefjorden frå ytst i Solund til inst i Skjolden ligg det små og større bygder og grender, og der det er ei grend, kan du vere sikker på at det går ein sti eller fleire til fjells. Og når du kjem til topps, då skjønar du … då veit du, kvifor folk i generasjonar har tatt turen opp dit. Og kvifor dei kjem frå heile verda for å oppleve nettopp dette: ein majestetisk fjord, vennlege fjell, himmel, kulturminne, rein natur utan trengsel.

Eg bur sjølv i Modalen, så desse turane reknar eg for å ligge i «my backyard», men bur du nærare Bergen, er ikkje vegen lengre enn at du lett kan ta deg ut på ein dagstur til den store fjorden – og ikkje berre for å gå oppover og besøke eit fjell, men for heile opplevinga av landskapet gjennom Nordhordland og ned til fjøra på sognesida. Følger du E39 ut frå Bergen og nordover, tar det deg to timar å finne startpunkt for den første oppturen frå fjorden.

Dei fire turane ytst i Sognefjorden som er samla og skildra her, har mykje til felles: Dei er relativt korte til toppturar å vere, med ei høgd på mellom 557 og 679 moh., og alle gir deg ein formidabel utsikt vidt og breitt i klarvêr. To av dei har ein fin familieprofil med mildare stigning og god merking, mens to er steilare og ikkje like godt merkt – for dei som vil bryne seg litt ekstra. Er du ein lidenskapeleg toppranglar, vel du kanskje å gå fleire av dei på same utflukta?     

Sympatiske Søtekollen 557 moh.

Lengde: 5 km

Varigheit: 3 timar tur-retur

Dette er ein familievennleg tur som startar frå Brekke i Gulen. Du kan parkere langs vegen på ei avkøyring på høgre hand ved Ortneset, like forbi Brekke sentrum. Stien startar gjennom eit tun like over vegen derifrå. Sjølv om det er sparsamt med merking til topps, er stien svært tydeleg og god å følge. Undervegs passerer du to tilrettelagte utsiktspunkt, Orrekletten og Berekletten. Der høver det kanskje bra å ta en liten stopp og nyte utsikten over Brekke-bygda og ferja som flittig fraktar folk mellom Oppedal og Lavik. Har du med småfolk, kan kanskje dette vere sjølve turmålet, og du kan finne fram primus og godt frå sekken.

Vidare frå Berekletten kjem du raskt over tregrensa og følger ryggen vestover og opp. Herifrå har du fjordutsikten med deg resten av turen. På toppen kjem du først til toppvarden med turkasse, og der finn du også eit skilt til ein varde litt lenger vest – den skal du ikkje gå glipp av! Frå denne vestlege varden har du panorama til heile Sognesjøen, Lihesten i Hyllestad og grendene langs fjorden utover.

Snøen går relativt tidleg her, sjølv om det nok kan ligge nokre fonner i skuggesidene, så denne turen kan du ta frå tidleg vår til snøen for alvor legg seg. Tar du med deg truger, er dette ein heilårstopptur, men hugs at løypa ikkje har fargemerking og varding, og at stien ikkje er synleg når snøen legg seg.

I Brekke finn du mellom anna Brekkestranda fjordhotell og Botnen Camping med utleigehytter. Kanskje kan det vere ein god helgeidé å kombinere turen med ei overnatting og eit godt måltid.

Les meir om turen på ut.no

Blåfjellet 638 moh. + museumsbesøk

Lengde: 5 km

Varigheit: 3 timar tur-retur

Frå Oppedal ferjekai køyrer du fylkesveg 8 mot aust, over brua ved Ikjefjorden og forbi Massnes Villmarksmuseum. Dette museet er Olav Fridtun sitt livsverk og har ei fantastisk samling med rundt 300 utstoppa dyr frå hav til høgfjell, fint utstilte i miljøet dei høyrer heime i. Eg anbefaler både små og store å ta ein tur innom om du har ein time eller to til overs. Museet har ope dagleg i sommarhalvåret og elles etter avtale. Sjekk opningstida eller ta ein telefon på førehand, så er du på den sikre sida.

Like etter skiltet til museet er det mindre lommer langs vegen der du kan parkere. Det er ikkje heilt enkelt å finne nøyaktig stistart, men eit lite steinarrangement er sett opp langs fylkesvegen ytst på Verpeneset kort før punktet der vegen svingar. Stien går først gjennom vakker lågvakse furuskog, nesten som ein japansk bonsaiskog, og du følger oppetter ryggen mot sør meir eller mindre heilt til topps. Stien er umerka, men veltråkka av hjort og folk. Det går ganske bratt unna oppetter ryggen etter kvart, og halvvegs opp i lia kan det høve med ein pust i bakken. Her er gammal furuskog som går over i bjørk, før du kjem på berg det siste stykket. Er du heldig, går du på ei av fleire «Yggdrasil»-furuer som inviterer til klatring og ein rast med utsikt. Når du kjem over skoggrensa på ca. 500 moh., får du panoramautsikt utover Sognefjorden og har siste høgda til venstre for deg. Topplatået med varden i sør gir ei fin kjensle av skikkeleg høgfjell.

Les meir om turen på ut.no

Røff motbakke til Åkrenipa 662 moh.

Lengde: 4,2 km

Varigheit: 3 timar tur-retur

Nokre kilometer vidare austover langs fjorden kjem du til Svartmyr, der du finn startpunktet for neste opptur. Bilen parkerer du på den nedlagte ferjekaien. Før fylkesvegen på sørsida av Sognefjorden sto ferdig midt på 1980-talet og nytt ferjeleie blei bygd på Oppedal, gjekk det ferje frå Svartmyr til Nordeide, eit samband som batt sør- og nordsida av Høyanger kommune saman.

Stistart er skilta frå hovudvegen like vest for kaien. Denne turen er ein skikkeleg motbakke med god stigning heile vegen gjennom gammal, vakker skog opp til 500 moh. Dette er vaskeekte vestlandsk hjorteterreng, og er du heldig, får du kanskje augekontakt med eit av desse vakre dyra før han vender akterspegelen mot deg og finn elegant vegen vekk. Når du har skogen bak deg, går den siste delen av turen for det meste på berg, og det er sett opp sporadiske vardar fram til toppvarden. Frå toppen ser du heile nordsida av Høyanger, mot Søreide og utover mot Sognesjøen med den karakteristiske Lihesten i nordvest.    

Les meir om turen på ut.no

Bjordal og Kroppa 679 moh.

Lengde: 6,3 km

Varigheit: 3 timar tur-retur

Kroppefjellet, eller Kroppa, er eit populært turmål opp frå Bjordal, og turen passar for både vaksne og yngre føter. Frå fylkesvegen følger du Bjordalsvegen eit kort stykke til du finn ein grusveg som går i høgda. Ein del av høgdemetrane gjer du unna på denne vegen opp til P-plass på ca. 200 moh. Grusvegen er god, så familiebilen skal ikkje ha problem med å ta seg opp. Frå parkeringa går du bratt vidare på grus til du ser skiltet på venstre hand opp til Gamlestølen og Kroppa. Stien er lettgått og fin heile vegen, og godt merka. Undervegs kjem du forbi Gamlestølen, som ligg fint til i det øvste bjørkebeltet. Deretter opnar landskapet seg og du må over litt myrlendt terreng før du kjem til den siste stigninga. På toppen, som er eit platå, finn du varden med turkasse frampå kanten, og herifrå ser du fjordkrysset med armen inn til Bjordal og til Vadheim på nordsida av Sognefjorden. På høgre hand ligg det eit vatn som på varme dagar er godt eigna til ein dukkert.

Bjordal har både nærbutikk og hytteutleige hos Nesheim Camping – kanskje ein idé å bli over ei natt i denne fine sognebygda? Returen kan du ta over fjellet til Stordalen og ned igjen til E39 ved Matre.

Les meir om turen på ut.no

Kart Søtekollen: 10045 Fedje, Norge-serien
Kart Blåfjellet, Åkrenipa, Kroppa: 10046 Modalen, Norge-serien

Tekst: Liv-Anne Aanesen                 

Annonse