Døgnvilt friluftsliv i Kvammafjella

Skitur i Kvammafjella.
Skitur i Kvammafjella. Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Mødalsvegen ligg folketom. Heile Kvamskogen verkar folketom, endå det er ein laurdag i mars. Sjølv i sentrale delar av Kvam er det knapt teikn til liv, bortsett frå han som kom sjagande over Straumbrua, truleg på veg heim frå nachspel.

Klokka er rundt fem – om natta, altså. Det er 17 minusgrader, og eg angrar på at eg ikkje tok på fellene heime i gangen. Eg angrar i grunnen på at eg stod opp. Å stå i botn av Mødalsvegen med bare fingrar i 17 minus og bala med feller, var ikkje det eg kom for. Det er nok derimot ein del av dealen. Fyrst yta, so nyta. Liding fører fram. Og alt det der.

Ein halvtime tidlegare låg dette B-mennesket framleis i ei varm seng under mjuke dyner og drøymde. Så sette alarmen på mobilen i gang med sitt. Og eg visste at eg hadde tre alarmar til laina opp, slik at eg ikkje lett kunne sveipa høgre og feiga ut. Opp av senga. Ned i gangen. Kikkar ut døra for å sjå om eg ser stjerner. Utan linsene ser eg ingenting, men må sjekke likevel. Innimydlo står det altså ein halvblind, halvnaken mann på trammen sin på Sandven og myser etter stjerner.

Men no er eg altså på veg oppover Mødalsvegen. Allereie før eg kjem til Røde Kors-hytta har jakka vorte lagt i sekken, sjølv i 17 minus tek varmen seg fort opp. I alle fall når ein spring oppover i tunge tele-plastsko frå tidleg 2000-tal og tilhøyrande, til dette formålet, meiningslaust breie ski. Før Stoveveggen går hovudlykta ned og kameraet opp av sekken. Det har byrja å lysna no når eg omsider er oppe av skuggen i Tjørnadalen. Eg er halvvegs og har ein time, 4,5 km og 600 høgdemeter att til soloppgangen.

Etter Middagshola ventar dei 300 siste høgdemeterane i ein lang bakke opp mot Tveitakvitingen, 1299 moh. Mangelen på frukost byrjar å kjennast, og tida byrjar å bli knapp, men eg må likevel stadig sjå bak meg mot der sola skal stå opp. Ta nokre bilde. Lure på om eg rekk det. Lyset er fantastisk. Det finst ikkje korkje fotograf eller kamera som kan fange dette lyset og stemninga nett slik dei er å oppleva.

Vel oppe på toppen har eg nett dei minutta eg treng for å gøyme meg bak varden og få på meg nokre tørre filler før eg kan stå og oppleve dei få, magiske sekunda då sola bikkar over Folgefonna for fyrste gong denne dagen. Soloppgangar er kortvarig glede, for plutseleg er det berre vanleg kjedeleg dagslys. Og det kan du like godt oppleve på andre tider av døgnet.

Eg cruisar ned att. Ein del ivrige sjeler har funne skia og er på veg opp Mødalsvegen i nypreppa løyper. Eg svingar mellom dei, med det som berre må vera imponerande djupe telemarksvingar, og tenkjer: «Gidd å stå opp så tidleg, men likevel vera for sein.» Vel heime sig eg ned ved frukostbordet saman med familien. Dei to eldste diskuterer om skituren skal gå til Allkleiv eller Kjosåsløypa, medan minstemann vil i Hardangerbadet.

Familielivet inneber at ein må ofre ein del lange dagar i fjellet. Ved å utnytta morgonar og kveldar kan ein få med seg dei flottaste stundene i døgnet – og likevel ha tid til rolege turar med ein fireåring på slep.

Skitur i Kvammafjella.
Skitur i Kvammafjella. Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Tips til korleis utnytte moglegheitene

– Stå opp tidleg og sjå soloppgangen frå eit fjell. Sjekk yr.no for tidspunkt. Er du skikkeleg nerd, kjøper du soldata hjå Suncurve. Ta familieturen etterpå. Oktober til mars egnar seg godt. Om sommaren står sola opp for tidleg, iallfall for meg.

– Ta toppturen etter familieturen. Sjå solnedgangen frå toppen. Igjen – sjekk yr.no for tidspunkt, eller bruk Suncurves. Du har om lag akkurat ein time på deg frå sola går ned på Yr, til det er for mørkt å gå (kortare ved overskya og/eller tett skog, lengre ved klarvêr). Hugs lykt, sjølv om du trur du rekk ned att.

– Ta med deg fjellturutstyret til utgangspunktet for familieturen, slik at du slepp å gå heimom mellom slaga. Send mor eller far heim med ungane for å laga middag til du kjem siglande ned frå solnedgangen.

– Same taktikk funkar mot arbeidstid. Litt fleksibel arbeidsgjevar er ein fordel. Gå ein time eller to før for å nå solnedgangen. Tidleg på vinteren kan du jaggu nå ned att før barnehagen stenger òg. Kom ein time for seint på jobb for å få med deg soloppgangen. Me bur på Vestlandet, det er meir enn nok regnvêrsdagar å henta inn att arbeidstida på.

– «Berre gjer da», som ein seier. Ha sekken klar, eller i det minste: vit kva du skal ha med og kvar det er – og kom deg ut. Ha alltid turplanar av ulik lengde klare i hovudet. Slepp du plutseleg fri i to timar ein onsdag kveld på grunn av eit avlyst foreldremøte, så har du ikkje tid til å vurdere om du skal på Torefjell eller Byrkjefjell eller sutra fordi du eigentleg ville på Iendefjell. Torefjell er betre enn foreldremøte. Torefjell er betre enn ingenting. Faktisk er Torefjell ganske fantastisk.

 – Sidan du gjerne må gå i mørket til eller frå turmålet, så er det ein fordel å ha gått der før og kjenna vegen og tidsbruken.

– Bruk yr.no og vurder kvelden før. Stå opp om morgonen og gjennomfør. Eg har berre angra på at eg gjennomførte ein gong, då starta eg klokka halv fem i Fitjadalen og gjekk til topps på Skrott i tjukk skodde. Stort sett er det verdt turen, men nokre gonger meir enn andre.

– Dei fleste høge fjelltoppar egnar seg for slike turar, men òg ein del lågarehengjande frukt finst. Sjå etter fjell med mykje lågare terreng mellom fjellet og soloppgangen/solnedgangen. Finn fram kart og kompass og sjekk timeanddate.com for å finne kompasskursen til sola idet ho bikkar over kanten.

Det verkar heilt meiningslaust når vekkarklokka ringer klokka 05.00, men når du står der klokka 06.36, tusen meter over havet og nyt dagens fyrste solstrålar idet dei kikkar over 1616 meter høge Storefloten, gjev det meining. 110 prosent. Minst.

Tekst: Kjell Inge Tufte Tyssen

Skitur i Kvammafjella.
Skitur i Kvammafjella. Foto: Kjell Inge Tufte Tyssen

Nokre døme på fjell som eignar seg i midtre delar av Kvam

  • Bjørkeveten er berre 571 moh., men har heile Hardangerfjorden mellom deg og solnedgangen/soloppgangen heile vinteren.
  • Slåttenuten er 738 moh. og har meir av det same som Bjørkeveten.
  • Torefjell og Vesoldo (1050 moh. og 1046 moh.) er flotte både for soloppgang og solnedgang.
  • Iendefjell (1260 moh.) ligg flott til for å sjå sola gå ned i havet, men siste bakken går du i skuggen.
  • Tveitakvitingen (1299 moh.) er eit nydeleg soloppgangsfjell. Solnedgangen er òg kjempeflott, men du kan bli gåande i skuggen mykje av turen opp.
  • Skrott (1320 moh.) og Manfjell (1263 moh.) er flotte både for soloppgang og solnedgang.

Annonse