4 ruter til Skavlabu

Skavlabu er ei fin hytte å vitje no i haust.
Skavlabu er ei fin hytte å vitje no i haust. Foto: Hild Fjermestad Aase

Klassikaren, familieturen, grusvegturen eller den brutale oppturen.

Skavlabu er ei ekte høgfjellshytte der ho ligg vilt og vakkert til i fjella mellom Modalen og Masfjorden – 962 meter over havet. Her kan vere røft når vind og vêr står på, men når du får oppleve ei av desse gnistrande solnedgangane i panorama frå hytteveggen, då har du ein skatt i minnet for resten av livet.  

Skavlabu er ei hytte du gjerne kjem attende til når du først har besøkt ho. Her er godt å vere både for vaksne, barn og firbeinte – fritt og ope med utsikt i alle retningar, omkransa av ei rekkje vatn der du kan ta ein dukkert eller prøve fiskelykka. Hytta er sjølvbetent med 22 sengeplassar fordelt på hovudhytta og sikringsbua, og ho blei reist i 1998 som erstatning for Skjerjavasshytta som rauk med under kraftutbygginga i dette området. I dag er det merka mange ruter med stor variasjon i profil opp hit, så du finn ganske sikkert ei rute som passer dine føter.  

Rute 1: Klassikaren frå Dyrkolbotn 

Lengd: 15 km 
Gradering: Krevjande 

Ruta frå Dyrkolbotn til Skavlabu har alt du kan ønske deg av ein heil dag på tur i fjellet. Ruta er lang, om lag 13 km, og turen krev gode bein og erfaring med langtur i fjellet. Belønninga er ei reise gjennom gammalt kulturlandskap, vide fjelldalar, tronge skar og dramatiske fjellformasjonar før du kjem opp på snaufjell og vidde.  

Du kan parkere ved Botnavatnet nedanfor Dyrkolbotn Fjellstove. Merking og sti er enkel å følgje innover til vakre Instebotn og vidare bratt opp mot den frodige Sørdalen. I enden av Sørdalen kan du ta ein avstikkar til Instebotnknolten og Sørdalsnuten, som er høgste punktet i Alver kommune.  

Ruta vidare er lettgått langs vatna nordaustover og inn i «Trollhola». No legg du det milde, grøne landskapet bak deg og klatrar i høgda gjennom et langt skar. På andre sida ser du Veslavatnet og den siste stigninga vidare opp til høgfjellsplatået der Skavlabu ligg. Frå Veslavatnet og dei siste kilometrane innover finn du ofte snøskavlar til langt ut i juli. Kanskje er det desse som har gitt hytta namnet Skavlabu?  

Etter gode 7 timar, når du står ved rutas høgste punkt 1033 moh. – då er det ei lukke å få auge på dei to raude hyttene i det store fjellandskapet.   

Rute 2: Frå Svartavatnet – heile familien på fjelltur 

Lengd: 2,7 km 
Gradering: Enkel 

Med vasskraftutbygginga fekk høgfjellet bilveg som gjorde tilkomsten lettare for dei med kortare eller litt mindre spreke bein. Frå demninga ved Svartavatnet er det knapt 200 høgdemetre og 2 timar inn til Skavlabu. Denne stien er godt merka og populær som familietur med små barn. Du kjem til Svartavatnet ved å ta av inn på Svartevassvegen like før den lange tunnellen ned til Matre i Masfjorden. Anleggsvegen er 20 km lang og du kan køyre med personbil om den ikkje har veldig låg potte. Det tar om lag 30 minuttar inn til demninga.  

Om du synes denne fjellturen blir i kortaste laget, kan du sette bilen ved Storavatnet, som er vatnet før Svartavatnet. Derifrå er det varda sørover og inn til Veslavatnet, der du finn den T-merka stien mellom Dyrkolbotn og Skavlabu. Du får då med ei fin oppstiging til høgfjellet og går siste etappen i lett terreng inn til hytta. 

På tur til Skavlabu, 2021.
På tur til Skavlabu, 2021. Foto: Ingebjørg Nachtnebel Pollen

Rute 3: Kort og brutal opptur frå Mo 

Lengd: 7 km 
Gradering: Middels 

Er du blant dei som er svak for den ekte vestlandske fjord til fjell-turen? Den T-merka stien frå Mo i Modalen går frå fjøresteinane og bratt oppover nesten heilt til Skavlabu. Men ruta er kort, berre 6 km, og belønninga har du i ryggen heile vegen til Storfjellet – ei storslått utsikt til Modalsfjella, Mofjorden og vidare utover Osterfjorden.  

Ruta har enkelte svært vakre kvileskjer undervegs, blant anna gjennom gammal slåttemark like etter at stien svingar austover ved Nedstavatnet, og når du har lagt Storfjellsryggen bak deg, kjem du ned i Kollebotn med fine bekkar og badekulpar. Her tar du ein rast før den siste bratte oppstigninga til Skavlabu-platået. 

Rute 4: For deg som liker å følgje grusveg 

Lengd: 9 km 
Gradering: Middels

Også på modalssida går det ein anleggsveg til fjells, men denne er ikkje open for biltrafikk. Grusvegen går frå Nedre Helland, om lag 5 km frå Mo sentrum. Den slynger seg opp gjennom heile Hellandsdalen med høge fjell på tre sider og flotte fossefall undervegs. Her beiter både kyr og sau, og etter mykje regn dukkar det opp nye fossar ned langs fjellsidene i denne frodige dalen. Halvvegs i dalen ligg Bleidalsstølen, ein fin stad for ein rast der du om hausten kan plukke med deg blåbær til dessert etter middagen på Skavlabu.  

Du kan følgje grusvegen heilt til demninga ved Skjerjavatnet og ta T-merka rute vestover derifrå mot hytta. Alternativt kan du gå inn på den gamle traseen som går vestom tjørna i den frodige Fagerdalen og følgje vardinga oppover. Du kjem då etter kvart inn på den T-merka stien. Vardinga er litt sparsam langs denne stien, men det kan vere ei fin avveksling til grusvegen.  

Sjølv om mykje av denne turen går på veg, er det slett ingen spasertur til fjells, og du skal rekne 5 timar inn til hytta.  

Skavlabu om sommeren.
Skavlabu om sommeren. Foto: Hild Fjermestad Aase

Tips til fine rundturar med overnatting på Skavlabu 

Det er kjekt å kunne gå ein rundtur når ein er av garde i fjellet, men det kan vere ei utfordring å ordne med transport om start- og sluttpunkt ligg eit stykke unna kvarandre. Ei løysing er sjølvsagt å ta med seg gode vener og plassere bilane strategisk. Ein annan er å tinge skyss.  

Ein favorittrunde eg vil anbefale er å gå Mo–Skavlabu–Dyrkolbotn. Då får du tur frå fjord til fjell eine dagen, og ein langstrakt, kupert og vakker unnabakke ned til Dyrkolbotn dagen derpå. Hos Dyrkolbotn Fjellstove kan du på førehand bestille både eit godt måltid og skyss tilbake til Mo. Det er ein biltur som tar 25 minuttar.    

Det er også fint å ta runden Hellandsdalen–Skavlabu–Mo. Avstanden mellom start- og sluttpunkt for turen er ikkje lengre enn at du kan løyse det til fots om du ikkje treff rutebussen eller får haik frå Mo til Nedre Helland. Ei annan fin kvalitet med denne runden er at du har fjordutsikten rett mot deg på veg ned frå Skavlabu.  

Tekst: Liv-Anne Aanesen 

Annonse