Isvandring i Raundalsgjelet

Tjukke iskantar med open råk i elva.
Tjukke iskantar med open råk i elva. Foto: Sveinung Klyve

Ei vandring i Raundalsgjelet vinterstid er ei spennande oppleving.

Med stegjern og isøks

Eg minnes ein kald januardag på Voss i 2015. Med meg har eg fått Jostein Minde, som aldri har prøvd isklatring før. Me går bratt ned ved garden Klyve og er snart nede på den islagde Raundalselva. No er det på med isutstyret. Me veit aldri kor trygg isen er, og under han er det djupe kulpar fylt av kaldt, rennande vatn. Går ein gjennom her, kan ein verta borte under isen dersom ein ikkje har eit tau festa til ein kroppssele som held ein att. For å kunna gå trygt på isen, må ein ha isbroddar (stegjern), og for å klatra opp små passasjar, må ein ha isøks for å få tak på den glatte isen. Hjelm er også viktig dersom det dett is ned ovanfrå.

Smal verd

Me er på nedsida av fossen Sarpen og må klatra 5–6 meter opp for å komma forbi denne. Her må det to økser til, og isskruar sikrar tauet og oss på veg opp. På oppsida går elva slakt oppover med tjukke iskantar. Isflata me går på, er somme stader jamn og tjukk som eit betonggolv. Andre stader er ho oppsprukken og sundknust, og somme stader renn det ope vatn. Det ligg ein del snø på isen, slik at det ikkje alltid er lett å sjå kva som er under. Mange stader er isen tynn, og me «listar» oss over.

Brått går eg gjennom isen med den eine foten. Eg kastar meg fram og er raskt oppe, utan å verta våt. Gjennom holet etter foten ser eg djupt ned i ein klar elvekulp. Me har no gått ca. 700 meter oppover elva og er inne i det smale, berykta og tronge gjelet, Rastadlia. Fjellet stig hundre meter opp, og på ei smal fjellhylle ligg jernbanen og bilvegen.

Dette er ei smal verd med glaserte fossefall og istappar i alle fargar som heng nedover dei bratte fjellsidene. Sveinung Klyve

Istappar heng nedover langs fjellsidene. Dei er grønfarga. Somme er brune som sjokoladeis med melisdryss (rim og snø) på toppen. Fjellet er grått av rim. Så lenge det er kuldegradar, held isen seg i ro, men i mildver kan den rasa ned. Då er ikkje dette nokon trygg stad å vera.

Me er inne i ei stor jettegryte som er forma av lause steinmassar og stort vasstrykk. Eit par meter over oss er ein trestokk kilt fast i ein fjellsprekk. Så høgt har vatnet gått her under flaum. Her ligg steinblokkar store som hus og sperrar heile gjelet.

Gjelet i Rastadlia er overvunne, og me har gått ca. 800 meter oppover langs elva på is og snø.
Gjelet i Rastadlia er overvunne, og me har gått ca. 800 meter oppover langs elva på is og snø. Foto: Sveinung Klyve

Sverrestigen

Me er framme ved ein smal passasje der gjelet er berre 2–3 meter breitt, med fleire små fossar som me må klatra opp. Her har eg vorte stogga av ope vatn dei andre gongene eg har vore her om vinteren, men i år er det unike forhold, og me kan fortsetja opp gjennom heile gjelet.

Fra gamalt av vart elva brukt til fløyting av tømmer til Voss. Den tida er forbi, men delar av elva er i dag mykje brukt til elvepadling og rafting. Her kilte ofte tømmeret seg fast. Elvepadlarar må her på land på oppsida og rapellere med kajakken, ned forbi fossen og steinblokkane. Me ser eit gult klatretau som heng att på denne staden.

50 meter over oss høyrer me toget fløyta på veg gjennom den tronge Raundalen. Dalen vart eit knutepunkt mellom aust og vest med bygginga av Bergensbanen i perioden 1896–1909. I år 1177 var kong Sverre på veg frå aust til vest, men vart stogga av ein bondehær på Voss. Han rømde gjennom den uframkommelege Raundalen, men fekk problem nettopp her i Rastadlia. Her snører dalen seg saman i eit trongt gjel med skarv og brattheng, og Sverre sine menn måtte laga seg veg ved å slå jernboltar i berget og leggja stokkar over. Denne vegen, som ein enno kan sjå restar etter, vert kalla Sverrestigen.

No opnar gjelet seg, og dalen vert breiare på sin veg oppover mot Mæringen. Det har teke oss to timar å gå ca. 900 meter oppover på elveisen. Vegen heim vert mykje kortare, då me går ca. 100 meter attende og så opp ei steinfylling som vart laga av rallarane for over hundre år sidan, då dei bygde jernbanen. Me passerer jernbanelinja mellom to små tunnelar og kjem fort opp i bilvegen i ljoset frå hovudlyktene våre. Eit nytt isrike har opna seg for oss denne dagen.

Tekst: Sveinung klyve 

Annonse